Konsert med Lovebugs på Yppal

Konsert med Lovebugs på Yppal
Jun.
14

Lovebugs ønskjer at musikken skal vera fin. Det kan ikkje bli for mykje pop, men dei beveger seg fort inn i indirock med køntrischwung. Behovet for å fortelja ei historie gjennom tekst og stemninga i musikken er stort. Fleirstemd song, ukulele, toradar og slide er bakgrunnen i ei leikande musikalsk verd der The Chicks speler Arctic Monkey og Katzenjammer covrar Bonnie Tyler.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Nettside

Om

Lovebugs er eit band mot alle odds. Jentene har halde saman i 20 år, og sjølv om livet har gjort sitt for å setja hindringar i vegen, lagar dei framleis fengande musikk. Bandet har trassa besetningsendringar, familietilvekstar, eplegardar, sjukdom og utlendingeskap og gav ut plata "OverLoved" i fjor.

Lovebugs er Alis på vokal, busett på eplegard i Ulvik, multiinstrumentaliset Silje held til på Voss. Live på bass og søstrene Monica og Kikki på gitar og trommar held fort i Bergen

Kart