Smak på Hardanger i haust

MG 3667 Edit
Steinestø gård x Yrjan Olsnes 2021 00367

Frå sider og eplemost til lammekjøt, spekepølser og syltetøy. Ta turen til heile Noregs frukthage, dra på gardsbesøk og nyt edle dråpar, lokalmat og kultur i Hardanger-regionen.

rose

Det er travle dagar i Hardanger for tida, og det på ein god måte. Hausten er nemleg høgsesong for poteter, gulrøter, plommer og ikkje minst eple. I skrivande stund vert frukt frå hundretusenvis av epletre hausta, pressa og tappa. Denne hausten er blant dei beste fruktsesongane i Hardanger nokon sinne, og fruktbøndene har opplevd eventyrlege, om ikkje historisk, gode avlingar.

MG 3612 Edit
rose

Epla og mosten får du kjøpt direkte på gardane og andre utsal med lokale råvarer. Sideren, dei kanskje edlaste dråpane, er klar for å nytast nokre veker fram i tid. Med heile åtte siderprodusentar og eit rikt utval av sider, frukt og lokalmat i Hardanger, vil du garantert finna noko som passar deg! Gardsbesøk, «Sider frå Hardanger», gardsutsal, smakfull lokalmat og kjekke folk er uansett noko du bør oppleva.

Sjå alle

Fleire reisetips