Mulegheitene er mange i Eidfjord om vinteren
Sysendalen og Hardangervidda er eit eldorado for skientusiastar og alle som er glade i fjellet. Kvista løyper er det mange av, men mulegheitene for å gå i uberørt terreng er også mange. Ved påsketider er dei fleste hyttene inne på fjellet åpne for servering og overnatting. Her treng ein ikkje å gå langt frå riksvegen for å lage seg ei snøhole, soleplass eller kaffibål med villmarka som næraste nabo. Akebakkar for borna er det nær sagt over alt.
Ein alpinbakke for store og små! Alpinanlegget i Sysendalen Skisenter er ikkje av dei største, men stort nok til å gi utfordringar for store og små.
Vil du utforske Hardangervidda til fots? Bli med oss på en spennende og skreddersydd trugevandring og opplev det fantastiske landskapet som strekker seg så langt øyet kan se.
Utleige av truger og stavar på turistkontoret under åpningstider eller hjå Eidfjord Aktiv utanom åpningsider.
Hardanger Fjordsafari tilbyr RIB båt turar frå Eidfjord. Her kan du vera med på kortare eller lengre fjord opplevingar der du kjem tett på naturen. På forespørsel i vinter.
Last ned kart over vintermerking. Kvistekartet viser oversikt over kva ruter som er merka i påsken. Før og etter påske er det færre åpne hytter og ruter som er merka.