Hjølmaberget - Vivelid - Stavali eller Hedlo - Stavali

Hjølmaberget - Vivelid - Stavali eller Hedlo - Stavali

Denne delen av Hardangervidda er ei perle med sitt skiftande landskap, og sin rike og varierte fauna og flora.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse

Om

Frå parkeringsplassen på Hjølmaberget er det ca 1,5 time til Vivelid og Vivelid fjellstova, og ca. 3 timar (15 km) til Hedlo og Hedlo Turisthytte.

Frå Vivelid til Hedlo går du over brua over Veig. Fortset sørover til stidelet til Berastøldalen/Hjølmadalen og Liseth på austsida av elva. Kryss elva Fljoto på bru. Vidare mot sør opp mellom Kjeseshovden og Hellehamrane og ned til Veig og langs elva til Hedlo.

Ta gjerne eit måltid og overnatting på Hedlo Turisthytte.

Du kan gå til Stavali frå Vivelid eller frå Hedlo.

Frå Vivelid til Stavali
(16,3 km. Ca. 6 timars gange)


Frå Vivelid fjellstova til Stavali går ein frå skoggrensa til høgfjellet utan dei største oppoverbakkane. Vakker natur med gode fiskemulegheiter undervegs. Ein går på T-merka sti opp dalføret forbi Vivhellerhamrane og forbi Vivheller, Skinnfjellet og forbi Lonavatnet, over Tverrelvi på to sommarbruer og fram til Stavali.

Frå Hedlo til Stavali via Langavatnet.
(17,8 km. 6 timars gange)


På sommarbru over Veig like sør for Hedlo. Opp til varden på Nuhaugane. Vidare mot vest til Finnabu og stidelet her til Hadlaskard og Stavali om Peisabotnen. Vidare nordvestover forbi Langavatnet til stidelet til Viveli og så vidare ned til Lonavatnet. Langs nordsida av vatnet til stidelet til Ullensvang og Torehytten og så over Tverrelvi på to sommarbruer og fram til Stavali.

 

Dette er ein tur i høgfjellet. Dette må du vite før du går i høgfjellet i Norge:

Det er lurt å planlegge turen godt. Turisthyttene ynskjer forhåndsbestilling på overnatting, då er du sikra plass. Overnatting på dei DNT-hyttene som er tilrettelagt for forhåndsbestilling på nett kan bestillast på DNTs hyttebestillingsside. Her får du kjapt og enkelt oversikt over hvilke hytter som er tilgjengelege på dine valgte datoar. Bestill her

For DNT-hytter som fortsatt ikkje er tilrettelagt for forhåndsbestilling på nett og private turisthytter, sjå ut.no for kontaktinfo, slik at du kan ta direkte kontakt for bestilling.

For gode turbeskrivelsar og kart, sjå ut.no eller outdooractive.com

Ta med varme, vindtette og vasstette klede.

Veret i høgfjellet er annleis enn i låglandet. Du må vera førebudd på låge temperaturar, også om sommaren. Veret kan skift raskt. Om det er fint ver i låglandet kan det vera skodde i høgfjellet, og vesentleg lågare temperaturar.

Ha med kart og kompass (og GPS). I Norge kan det vera vanskeleg å følgja stien, trass i at den er merka. Særleg i skodde kan ein gå seg bort. Difor treng du kart og kompass.

Du har ikkje tilgang til elektrisitet i høgfjellet: ta med nok batteri! I kulde bruker du meir batteri.

Du har i regelen IKKJE mobildekning (og IKKJE internett) i høgfjellet. Skjer det noko, er det ikkje sikkert du kan ringa etter hjelp. Det kan vera fleire dagar å gå til nærmaste bilveg.

Me reknar avstandar i fjellet i timar og ikkje kilometer. Norsk standard gangtid (som du vil finna turskildringar, og som er merka inn i turkart ) opplev mange som svært rask gange. Du må legge til ekstra tid for pausar. Ein 6-timarstur er rekna som fulldags tur, og ein 8-timarstur er rekna som ein lang dags tur. Ver merksam på høgdeforskjell. Ein kilometer i flatt terreng er annleis enn 4 kilometer med høgdeforskjell på 1.000 meter. Nedoverbakke er like krevjande som oppoverbakke, særleg om ein ber tung sekk. 

Skal ein gå fleire dagar i fjellet må ein vera i fysisk form til å klara det. 

I høgfjellet er du i villmarka, på godt og vondt. Det er ikkje butikkar, lege, restaurantar eller minibank tilgjengeleg. Det kan vera fleire dagar å gå til nærmaste bilveg.

Ver merksam på at sesong for tur i høgfjellet er i juli og august, når det er snøfritt. Vinteren kan kome brått, og nådelaust, allereie i september. 

Ikkje utsett deg sjølv eller andre for fare, ved å gå utanfor sesong, eller ved å vera dårleg utstyrt. Kvart år må mange ha hjelp av frivillige i fjellet.

I regelen kan du drikka vatn i høgfjellet, men dette er ingen garanti. Ver obs på område der mange ferdest (til dømes ved Trolltunga), og i små vassdrag. 

Ta med alt søppel heim.

Naturen i høgfjellet er svært sårbar. Ikkje uroa dyr og fuglar, og øydelegg ikkje vegetasjon.

Det er ikkje lov å gjere opp eld i skogsområde mellom 15. april og 15. september.

Skal du fiska i vatn, må du ha fiskekort. Dette er til sals online på inatur, på turistkontora, og ofte på hyttene i fjellet.

 

 

Adgang /Tillgang
Gradering
Natur og terreng
Sesong
Varighet

Kart