Espen Eriksen trio @Kabuso

Espen Eriksen trio @Kabuso
Feb.
6

Når det kjem til pianotrioar, er Espen Eriksen Trio blant dei aller beste.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Espen Eriksen – piano

Lars Tormod Jenset – kontrabass

Andreas Bye – trommer

Når det kjem til pianotrioar, er Espen Eriksen Trio blant dei aller beste.

Med dei svært melodiske låtane sine og ei «less is more»-tilnærming har Espen Eriksen Trio blitt hylla av internasjonal presse for den unike stemma si på dagens jazzscene.

Den leiande britiske jazzkritikaren Stuart Nicholson seier det slik:

One of the most unified, individual and recognizable group sounds in European jazz.

Etter 20 år, åtte kritikarroste plater og turnear verda over framstår trioen meir samspela enn nokon gong – med eit samspel som grensar til det telepatiske.

Eit globalt publikum har i høg grad omfamna det unike lydbiletet til trioen, som er bygd på eit rikt repertoar signert pianisten Eriksen.

Musikken er fengslande og lyrisk, ofte melankolsk og oppløftande på same tid.

Som Aftenposten skriv i meldinga si av den siste plata til trioen:

De er pianojazzens melodiske mestre. Her hører du hvorfor Espen Eriksen Trio har blitt et internasjonalt navn._

Billettar:250,- / 200,- (KabusoVen) / 125,- (under 16 år)

____
Sjå kabuso.no for info om utstillingsopning og familieførestilling same dag

Kart