Folkemusikkonsertar i juli i Agatunet

Folkemusikkonsertar i juli i Agatunet
Jul.
01-31

Kvar torsdag i juli inviterer me på folkemusikkonsertar i Lagmannstova.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Kvar torsdag i juli inviterer me på folkemusikkonsertar i Lagmannstova. Konsertane startar kl 12.10, 13.10 og 14.10, og varar kring 20 minuttar. Konserten er inkludert i den vanlege inngangsbilletten.

I år er det unge og lovande Anna Margrete Emmerhoff Grønsnes som spelar konsertane. Slik skildrar ho seg sjølv:

«Eg heiter Anna Margrete Emmerhoff Grønsnes, bur på ein fruktgard og spelar hardingfele. Eg har spelt hardingfele i snart ni år, og det har blitt ein veldig viktig del av livet mitt. Hardingfela har ein spesiell lyd som eg synest er veldig vakker. Eg likar godt å spela folkemusikk, for den fører meg inn i den norske kurturen. Eg øver mykje og prøver å bli betre heile tida. I sommar gler eg meg veldig til å spela for dykk! Håpar de vil ta ein tur innom! «

Torsdag 9. juli er det Siri Nordgård som har konsertane. Ho er ein svært dyktig toradar-spelar, og vann Landskappleiken i toradarspel i 2025.

Kart