Sy hardangersaum til forkle, skjorte og duk Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag inviterer til helgekurs i hardangersaum hausten 2024 med Agnete Sivertsen som kurslærar. Kurset vert fredag 20. – sundag ...
Sy hardangersaum til forkle, skjorte og duk
Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag inviterer til helgekurs i hardangersaum hausten 2024 med Agnete Sivertsen som kurslærar.
Kurset vert fredag 20. – sundag 22. september, kl 09.30 – 17 alle dagar. Kurset inkluderer både omvising i bunad og hardangersaumutstillinga vår, individuell rettleiing, samt lunsj og kaffimat i tre dagar.
Like tilbake til 1600-talet har kvinner i Hardanger sydd hardangersaum som ein del av den lokale draktskikken. Sidan har interessa for dette vakre broderiet spreidd seg til store delar av verda. På hardangersaumkurset får du læra dei grunnleggjande teknikkane, dei lure løysingane og dei lokale variantane. Etter ein god introduksjon vel du sjølv om du vil starta på kvitsaum til bunad, forklebord, eller kanskje ein duk eller ein løpar. Kurset passar godt både for dei heilt ferske og dei meir erfarne.