Utstillingsopning @ Kabuso: Brynhild Grødeland Winther

Utstillingsopning @ Kabuso: Brynhild Grødeland Winther
Sep
28

Vel møtt til opning av Brynhild Grødeland Winther si utstilling laurdag 28. september kl 14! Brynhild Grødeland Winther (1981) har ein mastergrad frå Kunsthøgskolen i Bergen. Ho bur og arbeidar i same by. Dei sein...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Vel møtt til opning av Brynhild Grødeland Winther si utstilling laurdag 28. september kl 14!

Brynhild Grødeland Winther (1981) har ein mastergrad frå Kunsthøgskolen i Bergen. Ho bur og arbeidar i same by.

Dei seinare åra har ho hatt separatutstillingar ved m.a. Vestfold kunstsenter (Tønsberg), Kunstgarasjen (Bergen), Hå Gamle Prestegård (Jæren) og Haugesund billedgalleri.

Grødeland Winther har delteke fleire gongar på Høstutstillingen og Vestlandsutstillingen. Verka hennar er kjøpt inn av m.a. Equinor, Stavanger kommune, Asker kommune Sparebanken Vest (Bergen), Haugalandmuseet, OsloMet og KORO.

Ho er og aktiv skribent og skriv mellom anna kritikkar i Billedkunst. Ho har motteke ei rekkje stipend og residency-opphald og har hatt fleire verv i kunstnarorganisasjonar.

Opplev utstillinga i perioden 28.9-29.12 2024

www.brynhildwinther.no

Kart

Prisar

Beskrivelse
Pris*
0,00
*Pris frå