Husnes Båthavn

Husnes Båthavn

Flott gjestehamn på Husnes I Husnes Båtlag er det over 600 meter med gjesteplassar. Klubbhuset har toalett, dusj, vaskemaskin og tørketrommel til disposisjon for båtgjester. Servicebygget inneheld fire dusja...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Nettside

Om

Flott gjestehamn på Husnes

I Husnes Båtlag er det over 600 meter med gjesteplassar.

Klubbhuset har toalett, dusj, vaskemaskin og tørketrommel til disposisjon for båtgjester.

Servicebygget inneheld fire dusjar, tre toalett samt eit toalett tilrettelagt for rørslehemma.

Vaskerom med 2 vaskemaskiner og 2 tørketromlar.

Det er heis på kaien, om nokon av gjestene treng hjelp til å koma seg ombord eller på land. Det er laga feste til denne to stadar i havna, slik at den kan flyttast.

Lunt og fint område med grillplass er tilrettelagt. I tillegg er det to grillhytter. Danseplatting er bygd opp og står til disposisjon for dei som vil ta seg ein svingom i sommernatta.

Det finst òg tennis-, volleyball-, og fotballbane samt sjakk i storformat.

Kvinnherad Golfklubb ligg like ovanfor båthavna.