Stad Husnes Turomtale Følg skogsvegen 1 km til skarp venstresving. Herfrå på sti gjennom skogsområde til Bremstølen. Flott utsikt over Husnes med Opsangervatnet, Halsnøy, Tysnes, Stord og Sveio. Turkart Folg...
Stad
Husnes
Turomtale
Følg skogsvegen 1 km til skarp venstresving. Herfrå på sti gjennom skogsområde til Bremstølen.
Flott utsikt over Husnes med Opsangervatnet, Halsnøy, Tysnes, Stord og Sveio.
Turkart
Folgefonna nasjonalpark.
Start og sluttpunkt
Skogsvegen 150 m nord for rasteplassen ved rv. 48, 1,5 km nord for Hellandsbrua.
Parkering
Ved rasteplassen eller ved starten av skogsvegen. Trafikk i høg fart, vis varsemd.
Merking
Informasjonstavle ved start.
T-merka og skilta.
Gradering
Blå. Lett fottur, ein støvel etter DNT-systemet.
Høgdeskilnad
40 – 460 moh.
Tidsbruk
2 timar t/r.
Gode råd
Nokre våte parti, bruk høvelege sko. Elva er drikkevasskjelde, vis omsyn.
Frå Bremstølen kan ein følgja rutenettet vidare til Sundstølsvatnet, Svartavatnet, Manen og Englafjell. Sjå også ruter frå Herøysundet og Uskedalen. Bruk fantasien for å leggja opp varierte turar.