Stad Valen Turomtale Følg skogsvegen opp lia frå Søsterheimen 200 m til vegdele. Derfrå kan ein gå til Vardhaugselet via Nordfjell eller Olderbotn. Ruta via Nordfjell går opp skogsvegen til venstre, som etter 1 ...
Stad
Valen
Turomtale
Følg skogsvegen opp lia frå Søsterheimen 200 m til vegdele. Derfrå kan ein gå til Vardhaugselet via Nordfjell eller Olderbotn.
Ruta via Nordfjell går opp skogsvegen til venstre, som etter 1 km går over i sti til Kokkelberg og Nordfjell.
Ruta via Olderbotn følgjer skogsvegen rett fram og går etter kvart over i dårleg veg og sti 1,5 km til hytta i Olderbotn 400 moh. Den opne hytta er ein fin kvileplass med flott utsikt.
Lett vandring opp til skoggrensa og innover i flatare lende til Vardhaugselet. Ein reknar med at dei solide selmurane vart oppsette ca. 1860, og at det var stølsdrift her fram til 1905.
Restaureringa er gjort av ”Interesselaget for Varhaugselet”, og selet er no ope for alle heile året.