Tursti til Mjelkhaug frå Husnes

Tursti til Mjelkhaug frå Husnes

Stad Husnes Turomtale Følg stien til venstre (nordaust) frå parkeringsplassen. Etter kvart bratt opp Onarheimslia til 600 moh. der lendet flatar ut før bratt opp til Mjelkhaug. Utsikt over store deler av Sunnhord...

Om

Stad

Husnes

Turomtale

Følg stien til venstre (nordaust) frå parkeringsplassen. Etter kvart bratt opp Onarheimslia til 600 moh. der lendet flatar ut før bratt opp til Mjelkhaug. Utsikt over store deler av Sunnhordland, med havet og fjorden mot sør og vest. Manen, Englafjell og Rosendalsfjella mot nord. Ulvanosa mot aust.

Turkart
Folgefonna nasjonalpark.

Start og sluttpunkt
Parkeringsplassen ved rv. 48 tvers overfor Hellandsbrua, ved informasjonstavle for Husnes.

Parkering
Ved rv. 48 tvers over for Hellandsbrua, ved informasjonstavle for Husnes. Farleg kryss, vis varsemd.

Merking
Informasjonstavle ved start.
T-merka og skilta.

Gradering
Raud. Noko krevjande, fire støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad
25 – 1005 moh.

Tidsbruk
4 timar t/r.

Gode råd
Frå toppen bør ein ta turen bort til Mjelkhaugsteinen som ligg ca 300 meter aust for varden. Steinen er synlege frå havet og vart i gamle dagar nytta som seglingsmerke. Den er ca 12 m lang, 7 m brei og 7 m høg. Alternativ retur kan vera ned over Svaneheia til Vardhaugselet, og om Nordfjell attende til parkeringsplassen. Sjå også ruter frå Valen, bruk fantasien for å leggja opp rundturar.

Avstand
Gradering
Natur og terreng
Sesong
Varighet

Kart