Lengde og varighet: 2,7 km
1 time, 30 minutter
Rundtur
Høydemeter: 126 høydemeter totalt
Sesong: Hele året
Turkart: Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000. Kartet er til sals hos Buketten, Sæbøvik. Eides Bensinstasjon, Eidsvik. Fjelberg Landhandel, Fjelberg. Du finn eit kartblad for turen ved å bla i bilda øvst.
Parkering, start- og sluttpunkt: P-plass/tømmeropplagsplass søraust for Toftåsen. Sjå feltet "Adkomst" lenger nede på sida.
Merking: Informasjonstavle ved start. Stien er skilta og T-merkt.
Høgdeskilnad: 65 - 195 moh.
TUROMTALE
Gå 200 meter attende frå P-plassen på vegen du kom, og ta inn på vegen til høgre. Følg denne vegen 500 meter til god sti oppover.
Før sjølve toppen er det no laga ein fin plass, "Åsatinget". Der er det gapahuk, grillhytte, zip-line og ymse apparat for den yngre garde.
Heimturen går over toppen der ein frå speidartårnet kan nyta utsikten. Nedfart vidare på sti mot aust og skogsveg ned til parkeringsplassen.
GODE RÅD
I området er det mange merkte turstiar, kart ser du på oppslagstavla. Så her kan ein finna andre fine turalternativ også.
Adkomst med egen bil
Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte mot Sæbøvik. Etter 40 meter ta av på veg opp mot høgre, rett etter opphøgt fotgjengarfelt. Vidare på bein veg mot Toftåsen, ikkje sving til høgre. Følg skilting til parkering ved tømmeropplagsplass.
Adkomst med kollektivtransport
Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.