Velkomen inn i Vavollstova! Storeteigen bygdetun byr inn til ein kveld med føredrag om krot og kroting – torsdag 5. juni kl 18. Bygningsvernkonsulent Anne Lise Brask Eriksen har fordjupa seg i temaet kroting og vi...
Velkomen inn i Vavollstova!
Storeteigen bygdetun byr inn til ein kveld med føredrag om krot og kroting – torsdag 5. juni kl 18.
Bygningsvernkonsulent Anne Lise Brask Eriksen har fordjupa seg i temaet kroting og vil fortelja om ulike sider ved den historiske dekorasjonsteknikken.
I Vavollstova får du også sjå eit av dei eldste bevarte krota i landet.