Pianist og formidlar Ketil Bjørnstad vender tilbake til Kabuso med nytt materiale – tysdag 16. september kl 19! Bjørnstad er utdanna konsertpianist, ein aktiv plateartist og ein av våre mest produktive og leste forfa...
Booking
Pianist og formidlar Ketil Bjørnstad vender tilbake til Kabuso med nytt materiale – tysdag 16. september kl 19!
Bjørnstad er utdanna konsertpianist, ein aktiv plateartist og ein av våre mest produktive og leste forfattarar.
Han kom med ny solo piano-plate våren 2025:
Bjørnstad gjev oss pianomusikk for skumringa på albumet Evening Song – Aftensang.
Prosjektet starta med at Bjørnstad vart kontakta av organist og dirigent Svein Rustad, som ynskte at han skulle komponera «Aftensanger» for han –
med utgangspunkt i fleire dikt henta frå samlinga Båt på fjorden (Aschehoug 2021).
Pianostykka er inspirerte av lys, og tek oss tilbake til naturens rike. Dei stadane Bjørnstad har gått, site og sansa i ei årrekke – som aldri vil vera identiske.
Sjølv om stadane er dei same, forandrar dei alltid stemning og lys. Vi er fortsatt i ein prosess, som i livet sjølv.
Ketil Bjørnstad fortel: