Opplev fleire hundre tusen frukttre i full blomstring i Hardanger om våren. Eit vakrare syn skal du leita lenge etter.
Våren er verkeleg spektakulær i Hardanger. Ikkje nok med at fossane og kontrastane i naturen kanskje er på sitt største, men dette er tida når alle frukttrea i regionen vaknar til liv. Med grøne bakkar, snødekte toppar og buldrande fossar, har du den perfekte ramma for å nyta fruktblomstring i Hardanger. Men når på året skjer det eigentleg?
Svaret på dette spørsmålet endrar seg frå år til år. Blomstringa startar som regel i midten av mai og varar i om lag éin månad. Når det er sagt, er dette noko som varierer stort. Temperaturen tidlegare på våren speler ei stor rolle, så nokre år byrjar blomstringa allereie i april. Eit godt tips er å ta kontakt med dei lokale turistkontora i Hardanger for meir nøyaktig informasjon om blomstring i Hardanger.
Det er fyrst på seinsommaren og hausten du kan kjøpa frukt direkte frå gardane eller på gardsmatbutikkane. Men det betyr ikkje at du ikkje får tak i lokalproduserte delikatesser også om våren. Då har nemleg gardane ganske fulle lager av eplemost og sider frå Hardanger. Eit godt tips er difor å ta turen innom ein eller fleire fruktgardar når du fyrst er i regionen.
Har du prøvd dei edle dråpane frå Hardanger? Les meir om korleis du kan oppleva sider frå Hardanger og læra meir om produksjon, kultur og historie!
Sjå alle