Gorsbolten i Seljestadjuvet

Gorsbolten i Seljestadjuvet

Ei utsikt med WOW-effekt! Spektakulære Gorsbolten i Seljestadjuvet byr på massiv utsikt over Hardangervidda, Folgefonna isbre og Røldalsfjella.

Om

Spektakulære Gorsbolten i Seljestadjuvet er det me kan kalle ein skjult skatt blant Hardangerfjella. Omkrinsa av Hardangervidda, Folgefonna og Røldalsfjella garanterer Gorsbolten ei utsikt med WOW-effekt. Røldalsfjella er kanskje aller mest kjende for sine massive snømengder om vinteren, men når snøen smeltar om sommaren opnar det seg eit hav av turmoglegheiter. Den fire kilometer lange turen til Gorsbolten startar frå Eskjeflota parkering, som er det høgste punktet på gamlevegen som strekker seg over Røldalsfjellet.

Turen er estimert til 1 time og 40 minutt i gåtid og er merka «krevande», noko ein raskt skjøner då stien byrjar bratt oppover mot dei massive stupa med ei stigning på 358 høgdemeter. Etter kvart dreier stien mot venstre og resten av turen bort til Gorsbolten er relativt lettgått. Til høgre for stien har ein utsikt til fleire kolossale stup ein aldri kunne tenke seg å sette utfor. Og tru det eller ei, i desse stupa arrangeres skikøyringskonkurransen Røldal Freeride Challenge kvar vinter– kor frikjørarar frå heile verda kjem og boltrar seg i pudderparadiset. Bort til sjølve Gorsbolten og utsiktspunktet følger du dalen på umerka sti. Det er bratt og høgt ned, så skulle høgdeskrekken snike seg innpå får ein meir enn god nok utsikt utan å gå heilt til tuppen av Gorsbolten. Retur går same veg.

Start: Køyr til Røldalsfjellet og ta av inn på gamlevegen. Følg vegen til Eskjeflota som er det høgste punktet på gamlevegen. 

Parkering: Eskjeflota parkering. 

Total stigning: 358 meter.

Tid: 1 time og 40 minutter

Sesong (normalår): Juli- midten av september

Avstand
Gradering
Sesong
Varighet

Kart