Hardanger Gastronomiske Symposium

Hardanger Gastronomiske Symposium
Jun
21-23

Sett av helga 21. - 23. juni! Holmen Kulturpark og Slow Food Hardanger ynskjer velkomen til smakingar, workshops, foredrag, konsert og meir. Gratis inngang på festivalområdet.

Booking

Om

PROGRAM FREDAG:

Fredag 21. kl. 13:00 -15:00. Max 35 pax, gratis. Ulvikaparlamentet «Korleis bruka lokalmat og handverk i stadutvikling i Hardanger»? Velkommen til Syse Gard og ein spanande Workshop, det blir paneldebatt og me håper på eit aktivt publikum. I pausen smakar vi på kjellarens edle dråpar.

Fredag kl.15:00 – 23:00 Festivalkafè Søtbakst og surdeigsbrød frå Vik Bakeri. Smårettar og Hardangerdrykk.

Fredag kl. 17:00-18:00 . Kr. 650. Max 40 pax. Smaksverkstad i drivhuset «8 rettar og 4 sider» Etter suksessen i fjor kjem Bordsete attende med nye spanande smakar i kombinasjon med sider frå Ulvik frukt- og cideri ved Asbjørn Børsheim. Smakverkstaden vil vera i drivhuset ved sjøen.

Fredag kl. 18:00-19:00. Kr. 300. Max 40 pax. Smaksverkstad «Tørrfisk og Sider» I denne smakverkstaden får du Noregs eldste eksportvare kombinert med Sider. Margreth og Astrid gjer dette til ei spanande oppleving og håpar på dialog med deltakarene kring smakane. Smaking i hagen ved Isdalsnaustet.

Fredag kl. 19:00-20:00. Kr. 300. Max 20 pax. Smakverkstad «Ølsmaking» Hardanger Bryggeri starta i 2020 og bryggar øl i gamle meierilokaler i Øystese. Kom og bli kjent med deira øl og historie. Kjellaren i Isdalshuset.

PROGRAM LAURDAG:

Laurdag kl. 10:00-11:00 Kr. 50. Vandring etter ville nyttevekstar Veit du kor mykje godt ein kan finna i naturen? Geir Flatabø tek deg med på ein vandring i naturens spiskammer. Laurdag kl. 14-15. Kr. 650. Max 20 pax.

Laurdag kl. 11:00 – 15:00 Hagemarknad Sal av sommarblomar frå Hjeltnes Gartneri Løkskuret

Laurdag kl. 11:00 – 11:45 Bondens Bord Foredrag ved Kari Randen frå Fjellnettverket. Fjellnettverket og gardsbruk i fjellområda har testa ut den færøyske serveringsordninga "Heimablidni", der gardsbruk opnar dørene sine og inviterer besøkande til eit måltid i si eiga stove. I Bondens bord brukar ein ureiste råvarer frå garden og besøkande får ei oppleving for minneboka. Kari Randen, dagleg leiar i Fjellnettverket, skal snakke om erfaringar frå oppstarten, potensialet for reiselivet og landbruket. Gulebygget på Hardanger Produksjonskule Hjeltnes.

Laurdag kl.12:00 – 13:30 Ulvikaparlamentet Tema: «Korleis kan Hardanger utviklast til å verta ein gastronomisk destinasjon?» Workshop i Gulebygget på Hardanger Produksjonskule Hjeltnes

Laurdag kl. 12:00 – 23:00 Festivalkafé Søtbakst og surdeigsbrød frå Vik Bakeri Smårettar og Hardangerdrykk Laurdag kl. 14:00-15:00. Kr. 350. Max 40 pax. Smaksverkstad «Pir og Brisling» I denne smakverkstaden, samarbeider me med Slow Food Bergen og du får undervurderte delikatesser i kombinasjon med sider. Margareth og Astrid gjer dette til ein spanande oppleving i vakre omgivelser. Laurdag kl. 16:30-18:00. Kr. 650. Max 20 pax. Studentane ved matkulturstudiet på fagskulen byr på tradisjonell mat i ny drakt. Med Pommilier Thor Oddvar Hav. Dette vil du få med deg!

Laurdag kl. 18:00-19:00 Kr. 300. Max 20 pax. Smaksverkstad «Ølsmaking» Hardanger Bryggeri starta i 2020 og bryggar øl i gamle meierilokaler i Øystese. Kom og bli kjente med deira øl og historie.

Laurdag kl. 19.00 Gratis konsert i Hageamfiet ved Isdalshuset. Meir info kjem!

Kart