«Dei beste dikti i verdi, er sonettar, veit du!», sa Olav H. Hauge. Samstundes skriv han i dagboka si at «ei sonett skrivi etter reglane er stiv og kjedeleg, ja, noko av det kjedelegaste ein kan lesa». Utsegnene viser at sonetten er ei særs krevjande diktform. I sonetten kan diktaren strekkja seg mot dei høgste høgder – men han kan óg falla ned i ein avgrunn av banalitetar. Sikkert er det at nokre av Hauge sine aller beste dikt er nett sonettar. Med utgangspunkt i Hauges sonettdikting vil Ole Karlsen og Fredrik Parelius samtala om sonetten i fortid og notid: Kva er ein sonett? Korleis har sonettradisjonen utvikla seg gjennom godt 800 år? Kva er tilhøvet mellom formtvang og -fridom, regelrette og frilynte sonettar? Korleis ter sonetten seg
Booking
salen! Fredrik Parelius er stipendiat i Nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen og har nyleg levert ei doktorgradsavhandling om galskap og lyrikk, der Olav H. Hauge er ein av hovudpersonane. Parelius har òg skrive fleire artiklar om Hauge sin forfattarskap, mellom anna ei nytolking av den vidgjetne sonetten «Gullhanen». Ole Karlsen er professor emeritus i nordisk litteraturvitenskap og ein sentral norsk poesiforskar. Karlsen har skrive ei rekkje bøker og artiklar om norsk og nordisk lyrikk. Karlsen er også ein av dei fremste Hauge-forskarane våre. Programposten går same dag som starten av lyrikkseminaret «Norske og skandinaviske sonettar. Nedslag i ein tradisjon» som finn stad her i Haugesenteret fredag 12. og laurdag 13. september. Du kan sjå programmet her. Velkomen! Vaksen 200 kroner Student 100 kroner