Lyrikkseminar på Haugesenteret

Lyrikkseminar på Haugesenteret
Sep.
12-13

Norske og skandinaviske sonettar. Nedslag i ein tradisjon. For Olav H. Hauge var ingen diktform gjævare enn sonetten: «Dei beste dikti i verdi, er sonettar, veit du!» Underforstått: I sonett-tradisjonen ligg det ein målestokk for litterær kvalitet, og Hauge ville nok – smålåten som han elles var – mæle seg med dei aller beste lyrikarane.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse

Om

Sonetten er ei klassisk diktform som skriv seg frå Sicilia på 1200-talet. Dei mest kjende sonettdiktarane på verdsbasis er Francesco Petrarca, William Shakespeare og Rainer Maria Rilke. Norske sonettar finn me òg, men tradisjonen har ikkje fått like mykje merksemd her til lands. Forskingsnettverket for poetisk tenking arrangerer difor eit seminar som vil kasta ljos over kjende og ukjende norske sonettdiktarar. Seminaret tek føre seg sonettar av diktarar som Camilla Collett, A.O. Vinje, Kristofer Uppdal, Aslaug Vaa, Olav H. Hauge og Per Olav Kaldestad. Program 12. september: Historiske liner og sonetten i lange strekk. Kl 11.00. Stein Arnold Hevrøy og Kristian Lødemel Sandberg: Nedslag og samanhengar i sonettens nynorske litteraturhistorie. Frå klingerim til lausaktige sonettar Kl 11. 30. Fredrik Parelius: Dikt for døde og syke – Camilla Collett, Dagny Juel og sonetten som minnetradisjon. Kl 12.00-13.00 Lunsj Kl 13.00. Elin Stengrundet: «Slik er nissens hverdagspoesi»: Form og metapoetiske trekk i sonettkransen Nissens natt Kl 13.30. Ole Karlsen: Om Karin Hauganes sonettsekvenser Kl 14.00 Eva Pitronova: Kontemplasjon og lek i to skandinaviske sonettkranser, Inger Christensen og Karin Haugane Kl 14.30-15.00 Pause Kl 15.00. Hans Kristian Rustad: Tittel: «Form og reform, sonett og resonett. Sonetten som hendelse i et utval dikt av Henrik Ibsen» Kl. 15.30. Eirik Vassenden: Den selvbiografiske, fortellende sonettsekvensen: Pablo Llambías’ Monte Lema (2011), Hundstein (2013) og Sex Rouge (2013) 13 september: Einskilde sonett-diktarar. Kl 09.00. Jan Inge Sørbø: Om Aslaug Vaas sonetter Kl 09.30. Hadle Oftedal Andersen: Ulike aspekt av tid i nokre sonettar av Olav H. Hauge Kl 10.00-11.00 Pause Kl 11.00. Ingrid Nielsen: Om Göran Sonnevi og sonettens minstemål Kl 11.30. Ingrid Skjerdal: Kattar i form – ei felin sonett-sondering med utgangspunkt i «Katte-sonette» av Ragnar Hovland

Kart