Forfattar og journalist Eva Røyrane kjem til Haugesenteret for å fortelja om boka Naustlandet. Saman med fotograf Oddleiv Apneseth har Røyrane reist langs heile norskekysten for å undersøkja korleis det står til med nausta våre i dag.
Booking
Naustet har vore ein naudsynt del av kystlivet så lenge folk har halde seg med båtar. For fiskarbonden var naustet ein like viktig driftsbygning som løa, men mykje tyder på at naustet som kulturhistorisk landemerke står i fare for å forsvinna. I føredraget tek Røyrane publikum med til naust på vêrharde nes og inst i fredelege fjordar, frå sjøsamiske naustgammar som går i eitt med landskapet, til naust som står markant fram som minne om ei anna tid. Ho fortel òg om døme på vern og restaurering, og om kvifor nausta er ein utsett og ofte nedprioritert del av kulturhistoria vår. Arrangementet er i samarbeid med Skald forlag. Billett kr 200