To heimkomne
Mai
08

Forfattarane Ruth Lillegraven og Agnes Ravatn har begge bytt ut storbystøv og støy i Oslo med det (tilsynelatande) fredelege bygdelivet i høvesvis Granvin og Sveio. På kvar sin gard lever dei no det skrivande livet som dei drøymde så lenge om. Korleis har det livet vist seg å bli? Og er no bygdelivet så roleg, eigentleg? Yppal mat og drykk klokka 20.00 Promenaden 7, 5730 Ulvik

Booking

Om

Lillegraven og Ravatn kom begge med ny bok i 2025. Dei har òg til felles at dei har skrive seg inn i hjarta til lesarar frå heile landet – med romanar, lyrikk, barnebøker og krim. Denne kvelden møtest dei på scena i Ulvik i eit samspel der humor og alvor går hand i hand. Dei vil snakka om by og bygd, venskap og uvenskap, skriveglede og skrivesperre – i salig blanding. Den prislønte journalisten og forfattaren Kjersti Mjør – som òg kjem frå Kvanndal og Granvin – leiar samtalen. Ulvik si eiga Annlaug Børsheim – allsidig og ettertrakta musikar – tilfører fagert tonefylgje. Billett kr 300

Kart