Fredag 23.jan kl.19.30 i Utne Kyrkje har du sjansen til å oppleva det store visjonsdiktet DRAUMKVEDET. Berit Opheim tolkar diktet, saman med tre av sine beste musikarvener, Karl Seglem, Nils Økland og Sigbjørn Apeland...
Booking
Fredag 23.jan kl.19.30 i Utne Kyrkje har du sjansen til å oppleva det store visjonsdiktet DRAUMKVEDET. Berit Opheim tolkar diktet, saman med tre av sine beste musikarvener, Karl Seglem, Nils Økland og Sigbjørn Apeland.
Draumkvedet, vår mest kjende middelalderballade, er ein ekte januarklassikar og ein tradisjon for mange musikkelskarar. Ein av våre fremste folkesongarar, Berit Opheim har arbeidd med Draumkvedet i heile sitt kunstnarliv og framført det tallause gonger. Slik ingen andre kan, formidlar ho historia om Olav Åsteson som sovnar julaftan og vaknar opp 13. dag jul.
I Utne kyrkje tolkar Berit Opheim det store visjonsdiktet saman med tre av sine beste musikarvener, Karl Seglem, Nils Økland og Sigbjørn Apeland, som alle er kjende for å søkje nye uttrykk og utfordre det etablerte. Draumkvedet i januar med Berit Opheim og desse tre fantastiske musikarar i ryggen, er ei oppleving å ta med seg enten du skal møte balladen om Olav Åsteson for første gong eller har det som ei årleg hending.