Dette er foreininga du ikkje visste eksisterte, men no vil teikne livstidsmedlemskap i! Lars Korff Lofthus - vokal og kontrabass/el-bass Jens Kihl - vokal Helene Nilsen - vokal og akustisk gitar Endre Aasebø - v...
Booking
Dette er foreininga du ikkje visste eksisterte, men no vil teikne livstidsmedlemskap i!
Lars Korff Lofthus - vokal og kontrabass/el-bass
Jens Kihl - vokal
Helene Nilsen - vokal og akustisk gitar
Endre Aasebø - vokal og el-gitar
May Frida Bosch - slagverk
Etter sju år med konsertar opp og ned langs vestlandskysten og ut og inn av fjordarmane, Har Foreningen for By og Bygd endeleg kome ut med si fyrste plate.
Bandet har med sin lyttevenlege country på nynorsk blitt ein publikumsfavoritt vestpå, og no er det på tide å visa resten av landet kva som rører seg i countryhovudstaden Bergen.
Songane på Vegen gløymer ikkje deg fortel om kvardagsliv og kjærleiksliv, om ferjer og fjordar, om usynlege menn og om svært synlege kvinner.