Hardanger fartøyvernsenter: Velkomen til boklansering og føredrag! Sverre Sandenes har i denne boka laga ei oversikt over rosemålarar som var aktive i Hardanger i perioden 1780 og rundt 100 år framover. Han har rei...
Hardanger fartøyvernsenter: Velkomen til boklansering og føredrag!
Sverre Sandenes har i denne boka laga ei oversikt over rosemålarar som var aktive i Hardanger i perioden 1780 og rundt 100 år framover. Han har reist rundt i Hardanger og registrert og fotografert ei rekkje gjenstandar som er rosemåla i denne perioden, og har identifisert kva bygdekunstnarar som har utført arbeidet. Det vert omtalt rundt 30 bygdekunstnarar som var aktive her, både fastbuande og tilreisande rosemålarar. Boka inneheld over 400 bilete av gjenstandar rosemåla i Hardanger, òg med eit godt utval frå Kvam.
Velkomen til kaféen på fartøyvernsenteret onsdag 4. desember kl. 18!