Danseførestilling @ Kabuso

Danseførestilling @ Kabuso
Jun.
18

Kabuso byr på danseførestilling i utstillingsalen: Romantiker – duett for to dansarar. INkl i inngangsbillett for utst./Ingebrigt Vik museum

Om

Kabuso byr på danseførestilling i utstillingsalen: Romantiker – duett for to dansarar

Romantiker er ein duett mellom dei to dansarane Benjamin Pohlig og Morten Liene – og ei framsyning som søkjer å spegla erfaringar frå naturverda;

Ein særskild innsjø om morgonen, skogen om kvelden, heiane, dyra og menneska dei møter på reisene sine.

Det er eit prosjekt som handlar om korleis det sanselege i naturopplevingane våre kan delast med eit publikum, og som søkjer å skapa ein samanheng der dei som er til stades kan kjenna på banda dei har til omgjevnadene dei kjenner og bryr seg om.

Førestillinga er inkludert i inngangsbilletten for utstillinga av Dyrdal/Mogstad/Welsh

Kart

Prisar

Beskrivelse
Pris*
60,00
*Pris frå