Hovden rundt

Hovden rundt

Hovden rundt. Flott fjordutsikt   Startpunkt: ved daglegvarebutikken på Lofthus. (eventuelt Lofthus Camping, Hotel Ullensvang, Opedal Skule, eller annan plass)   Endepunkt: Rundtur, høgaste punkt H...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Hovden rundt. Flott fjordutsikt

 

Startpunkt: ved daglegvarebutikken på Lofthus. (eventuelt Lofthus Camping, Hotel Ullensvang, Opedal Skule, eller annan plass)

 

Endepunkt: Rundtur, høgaste punkt Hovden, ca 350 m o h.

 

Parkering: Ved daglegvareforretninga på Lofthus. I skuleferiane kan ein parkera ved Opedal Skule.

 

Tilkomst med offentleg transport: Buss frå Odda, Eidfjord, Geilo, Voss stoppar rett ved daglegvarebutikken på Lofthus. Hurtigbåt i sommarsesongen frå Norheimsund (busskorrespondanse til/frå Bergen) stoppar ved daglegvarebutikken.

 

Gradering: Turen er merka som middels krevjande (blå).

 

Turlengd: ca 6 km rundt.

 

Høgdeskilnad: 350 meter.

 

Tidsbruk: 2-4 timar rundt

 

Gode råd: Det er bratt, så gode sko er viktig. Det er lurt å ta med seg mat og vatn.

 

Turomtale: Start ved daglegvareforretninga på Lofthus. Følg riksveg 13 nordover få meter til vegkryss. Ta lokalvegen FV 102  på høgre hand og gå i retning Lofthus Camping. Etter ca 300 meter, ved Opedal Skule, tek ein til høgre og følgjer ein bratt og asfaltert gardsveg forbi fruktgardar. Etter ca 300 m deler vegen seg og ein tek til høgre og fortset på grusveg. Følg grusvegen oppover lia, til vegen deler seg og det står skilt Hovden eller Skodnasete. Følg stien og landskapet på Skodnasete opnar seg opp. Frå Skodnasete går det sti opp på Hovden (følg skilt). Herifrå er det vakker utsikt over fjord og bygd. Ver forsiktig når ein går opp her. Returen ned er mogeleg på sør sida av Hovden/ Skodnasete. Det går skogsveg og sti gjennom tjukk skog. Tidvis er det svært bratt her. Ein kan enten koma ned i byggefeltet Legena eller i Elvedalen, og derifrå gå tilbake til startpunktet via Opedal.

 

Variasjon av denne løypa: Omvendt kan ein også starta ved Ullensvang Gjesteheim, eller Hardanger Vandrarheim. Då er det lettast å følgja lokalveg som tek av frå RV 13 ved Ullensvang Kyrkje, og følgja denne oppover, gjennom bustadfelt, til brua. Ved brua går ein over på andra sida, og tek av til høgre og går gjennom byggjefeltet Legena. På toppen av Legena går det sit mot Hovden. Eventuelt kan ein gå forbi barnehagen, inn i Elvedalen, og derifrå ta av på sti på venstre hand og gå opp til Hovden. Returen gjer ein då på skogsvegen som går ned mot fruktgardane på Eidnes og Lofthus, og derifrå forbi Opedal skule og mot daglegvarebutikken på Lofthus. Siste stykket går på gang- og sykkelveg tilbake til utgangspunktet.

Avstand
Gradering
Sesong
Varighet

Kart