Reinanuten

Reinanuten er dronninga av fjella rundt Folgefonna og tar deg tett inn på Buarbreen. Denne fjelltoppen byr på ei storslagen naturoppleving med kombinasjonen isbre, massive dalsider og grøne fjellområde.

Om

Reinanuten er ein av dei storslagne fjelltoppane som omkransar Buerdalen. Her kjem du tett inn på Buarbreen, ein av brearmane til Folgefonna isbre. Med sine 1297 meter over havet rager Reinanuten som ei dronning rundt Folgefonna. Turen startar frå Buerdalen, like ved Buer restaurant, og er totalt 8 km. Det byrjar bratt med ei stigning på omkring 1000 høgdemetre, men etterkvart som ein kjem over tregrensa opnar landskapet seg opp og ein får ei fantastisk utsikt over stølsområder og klare fjellvatn, og toppar som Jordalsnuten, Eidesnuten og Rossnos. Siste del av turen er flatt bortover mot Buarbreen, og det er verkeleg eit storslagent syn med spisse bresprekkar ved sidan av dei bratte fjellsidene ned til Buerdalen. 

 

Start: Køyr av frå Odda og inn mot Buerdalen. Ved vegkrysset Buer/Strand tar ein av inn mot Buer og køyrer til ein møter parkeringsplassen ved Buer restaurant.

Parkering: Parker ved Buer Restaurant. 

Total distanse: 8 km tur/retur.

Estimert tidsbruk: 5-7 timar.

Sesong: Juni til Oktober.

 

Gradering
Sesong

Kart