Benedicte Maurseth – Systerspel

Benedicte Maurseth – Systerspel
Sep
14

Poesifestivalen 2024: Benedicte Maurseth – Systerspel Lørdag 14. September Brakanes Hotel, Kongressen KL. 15:00

Booking

Om

Kvifor vart dei borte frå kvardag og høgtid, medvit og tanke, skrift og tale? Dei var her, og så vart dei borte? Systerspel er ei framsyning om spelekvinner. Å spela fele var for menn, har ein alltid trudd. Hardingfelespelar Benedicte Maurseth har derimot leita fram kvinnene som spela fele, frå 1700-talet og fram til i dag. Frå skrift og munnleg tradisjon fortel ho om dei gjennom fakta og meddikting – og sjølvsagt musikk. Og om du lurar: spelekvinnene var fleire enn du trur! Benedicte er ein av våre viktigaste tradisjonsberarar og nyskaparar innan folkemusikken. Ho er musikar, komponist og forfattar, og det viktige arbeidet hennar har blitt heidra med ei rekke prisar dei siste åra, mellom anna Årets Folkemusikar 2023. Benedicte har dei siste åra stått på mange scener rundt om i verda. No er me svært glad for at ho tek turen heim til Hardanger og til Poesifestivalen!

Kart