Foredrag med Leo Ajkic

Foredrag med Leo Ajkic
Okt
29

29. Oktober kjem Leo Ajkic til Ulvik for å ha foredrag på ungdomsskulen og på kinoen (kl. 19) . Han vil ta oss igjennom den personlege reisa si frå å vera på flukt frå krig, til oppveksten i Bergen, krydra med eit personleg skråblikk på god/ikkje så integrering og inkludering.

Om

Ajkic har sidan 2007 vore ein nyskapande, uredd og engasjert medieperson. Med eit brennande samfunnsengasjement og utradisjonell tilnærming til dei store og små spørsmåla i livet har Leo flytta og utfordra grenser. Sidan 2010 har han leidd og bidratt til ei rekkje radio-og-tv-produksjoner. Foredraga er i regi av Ulvik folkebibliotek, med økonomisk stønad frå Sparebankstiftinga Hardanger

Kart