Guida kajakktur i Ulvik - B-Active

Guida kajakktur i Ulvik - B-Active

Ein kjekk og guida kajakktur gjennom vakkert fjordlandskap med B-Active, kor du lærer om historiske hendingar og ferdigheiter du treng for å overleve i naturen

Booking

Om

Saman med guiden startar du i Ulvik og padlar langs fjordkanten før du på ekte viking-vis tek strandhugg på ein holme. Her ventar kjekke og lærerike aktivitetar kor du får demonstrert grunnleggjande overlevingsferdigheiter – blant anna korleis du lagar husly og eld, samt korleis du finn og kjenneteiknar etande planter - akkurat som dei gjorde i gamledagar.

Etter ein runde på øya med bålbrenning, flott natur og mykje moro, blir det lunsj, før de returnarar til kajakkane. Det er ikkje noko krav om forkunnskapar for den omlag fire timar lange rundturen. Barn over fem år i generelt god form er velkomen i fylgje med ein vaksen. Dette er med andre ord ein kjekk og lærerik padletur for alle.

Den guida turen er open heile sommaren frå 20. mai til 30. september, og inkludert i prisen er kajakk, årer og redningsvest. B-Active har daglege avgangar klokka 09:00 og 14:00 og kan ta opptil 10 personar per guide. Du må ha med varme, vind- og vasstette kle og -sko. Desse og andre personlege eigendelar som for eksempel kamera kan oppbevarast i vasstette pakkposar under turen.

Om du ynskjer tur utan guide, kan utstyr leigast hos B-Active.

Aktiviteter
Båter
Gradering
Kapasitet
Natur og terreng
Sesong
Utleie
Varighet

Kart