Laugarstovo badstove ved Hardangerfjorden

Laugarstovo – badstove ved Hardangerfjorden Berre 5 minutt frå sentrum i Ulvik, langs den kjende Frukt- og Siderruta, finn du Laugarstovo – ei vedfyrt badstove med vakker utsikt over Hardangerfjorden.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Her kan du senka tempoet og finna roen. Rett utanfor inviterer fjorden til eit forfriskande bad året rundt. Kontrasten mellom varmen i badstova og det friske fjordvatnet skapar ei heilt spesiell naturoppleving, omgitt av fjell, frukthagar og fjordlandskap.

Badstova er sjølvbetent og vedfyrt, og kan bookast for både private grupper og enkeltbesøk.

Om Laugarstovo

Laugarstovo er driven av Prestakaien Laugarlag, eit frivillig badelag som har skapt ein unik møteplass ved fjorden. I 2024 vart badstova tildelt Norsk Badstulaug sin berekraftpris som anerkjenning for arbeidet med fellesskap, gjenbruk og lokal verdiskaping.

Velkomen til ei ekte hardangeroppleving – med varme, frisk fjord og fellesskap.

Aktiviteter
Sesong
Spesial
Tema

Kart