Folgefonna glacier road 2022
Norges tøffaste kjendisar i Hardanger

Opplev Hardanger som i 71° nord

Denne hausten kan du sjå Norges tøffaste kjendisar i Hardanger-regionen. Les meir om programmet og korleis du kan ta del i dei same opplevingane.

rose
Sjå 71° nord – Norges tøffeste kjendis kvar torsdag og søndag eller på Discovery.no!

Tidlegare i år, nærmare bestemt i mai, blei «71° nord – Norges tøffeste kjendis» spelt inn i Hardanger. Totalt ti kjendisar fekk kome tett på og bryna seg på den makalause naturen i regionen vår. Hardanger er prega av store kontrastar og kort veg mellom gjeve høgdepunkt, noko som kjem tydeleg fram i det populære programmet.

– Me prøver å gje gode reisetips gjennom programmet, og då er det naturleg at me tek turen til stader med mykje flott å by på. Hardanger og Vestlandet er heilt fantastisk. Kombinasjonen av fjord, fjell, bre og frodige landskap er heilt utruleg, seier programleiar Tom Stiansen.

IMG 7576 71 G Nkjendis ses14 mattibernitz2022
rose

Den tidlegare alpinisten og verdsmeisteren i slalåm har vore i Hardanger ved fleire høve – både som alpinist og programleiar for 71° nord. Det er langt frå tilfeldig.

– Det er ikkje mange plassar som eignar seg betre enn Hardanger. Mangfaldet er veldig stort, og då blir det som regel bra, skryt den kjende programleiaren.

Web DJI 0207 71 grader mattibernitz2022
rose

I Hardanger skal kjendisane innom aktivitetar og attraksjonar som kun er tilgjengeleg her i regionen. Alt frå fjord og fjell til isbre og blomstring, og det berre for å nemna noko. Vil du oppleva Hardanger som i 71° nord – Norges tøffeste kjendis? Her får du oversikt på kva område, aktivitetar og attraksjonar dei er innom i kvar episode.

Folgefonni glacier team marvin kuhr

Kjekke opplevingar på Folgefonna

Vil du óg oppleva den sørligaste isbreen i Noreg og ta del i kjekke opplevingar du seint vil gløyma? Folgefonna er eit eldorado for både store og små.

Sjå alle
rose

Når ein fyrst skal oppleva spektakulær natur i Hardanger, er det vanskeleg å koma utanom isbreen Folgefonna. Med store kontrastar og eit landskap i konstant endring, får kjendisane ei verkeleg spektakulær oppleving. På denne etappen, som går over episode 4, 5 og 6, skal deltakarane kryssa Folgefonna og gå ned Bondhusdalen til det populære brevatnet Bondhusvatnet.

Web 71 grader kjendis ses14 mattibernitz2022
rose

Ikkje langt unna nevnte Bondhusvatnet, ligg idylliske Mauranger. Dei mange dalane og stupbratte fjella i området har begeistra turistar frå alle verdshjørner i generasjonar, og deltakarane i 71° nord – Norges tøffeste kjendis er intet unntak. På denne etappen, som går over episode 7 og 8, får kjendisane bryne seg på sykling, SUP-brett og kajakk i Mauranger og vidare innover fjorden.

Web bondhusvatnet VB06602

Ferieforslag i Kvinnherad

Historiske slott, majestetiske fjell og dramatisk landskap med store kontrastar. I Kvinnherad finn du noko av det flottaste Hardanger-regionen har å by på.

Sjå alle
rose

På lik linje som dei andre etappane, skal deltakarane gjennom ei rekke øvelsar i spektakulær natur. Forskjellen denne gongen er at dei flyttar seg over eit større område i Hardanger. På denne etappen, som går over episode 9 – 12, er deltakarane innom fleire sjarmerande bygder og populære attraksjonar langs Nasjonal Turistveg Hardanger. Utan å røpa for masse, får kjendisane oppleva både fjorden (med og utan båt), Hardangerbrua, Glacier Road og kor fin utsikt det er frå dei mange fjelltoppane i Jondal, Ullensvang.

Web Hardangerbrua 71 grader mattibernitz2022
Web Solnedgang 71grader mattibernitz
Web dronningstien marvin VHF 56

Fotturar i Hardanger

Anten du vil utforska fjelltoppane eller om du berre vil strekka litt på beina, så finn du godt eigna turmål i heile regionen. Her får du full oversikt!

Sjå alle
Web DJI 0975
rose

Deltakarane skal nok ein gong oppleva den magiske fjellheimen i Jondal, Ullensvang. Denne gongen får dei imidlertid selskap av nokre hestar som skal vera med på etappen opp dei bratte fjellsidene. Etter fleire lange og krevjande etappar, får kjendisane til slutt ein velfortent kvil på magiske Hotel Ullensvang. Få plassar eignar seg betre til å lada batteria enn på det velkjende hotellet på Lofthus.

HOTEL Ullensvang Adult area 2 Jeanett Økland

Opplev Hotel Ullensvang

Hotel Ullensvang i Hardanger må opplevast! Omkransa av Noregs største frukthage og kjekke aktivitetar med fjorden som bakteppe, er Hotel Ullensvang den perfekte basen for ferien i Hardanger.

rose

Årets deltakarar er: Line Andersen (programleiar), Vegard Ylvisåker (komikar), Kaveh Rashidi (lege og forfattar), Trine Lise Olsen (komikar), Fetisha Williams (influensar og hårstylist), Ida Njåtun (tidlegare skøyteløpar), Silje Halstensen (artist under namnet Bendik), Jørgen Evensen (komikar og skodespelar), Cristian Brennhovd (realityprofil) og Fritz Aanes (brytetrenar).

Sjå 71° nord – Norges tøffeste kjendis her!