Radioholedagen
Moritz Rabinowitz i senter for "Radioholedagen" 2026☀️ Under årets Radioholedag ved Halsnøy Historiske Senter får publikum oppleve eit sterkt og tankevekkjande kåseri ved Arne Vestbø. Vi blir tatt med inn i historia ...
Om
Moritz Rabinowitz i senter for "Radioholedagen" 2026☀️
Under årets Radioholedag ved Halsnøy Historiske Senter får publikum oppleve eit sterkt og tankevekkjande kåseri ved Arne Vestbø. Vi blir tatt med inn i historia om Moritz Rabinowitz, ein av dei mest markante og samstundes tragiske skjebnene frå Noreg under 2. verdskrig. Då invasjonen kom i april 1940 hadde Gestapo ei liste over folk som skulle arresterast og førast til Tyskland. På toppen av denne lista sto denne vellukka forretningsmannen frå Haugesund, som med sine skrive-evner og store kontaktnett i internasjonal presse lenge hadde vore ein torn i auga på Hitler og nazistane. Dei gjekk straks i gang med å jakta på han i fleire månader over heile distriktet. Før det første krigsåret var omme vart han arrestert i Toftekalven (i "Holmen") og sendt til Tyskland der han enda livet i konsentrasjonsleir. Snart råka same skjebne heile familien hans.
Som ein ekstra dimensjon til kåseriet vil eigar av Toftekalven, Ragnar Njøs, dele personlege minne frå sin eigen familie. Han fortel om korleis far, onkele og tanta hans opplevde den brutale arrestasjonen av Gestapo sin «most wanted» heime i Toftekalven. Desse augevitneskildringane gir eit nært og sterkt innblikk i korleis dei dramatiske hendingane påverka vanlege menneske.
Saman skaper Vestbø og Njøs eit arrangement som både opplyser og rører – ei påminning om ei mørk tid i historia vår.
Vestbø, som er fødd i Haugesund i 1978, har studert medievitenskap ved Universitetet i Oslo og har MA i Holocaust studies frå University of London. I mange år var han seksjonsleiar i Kulturrådet, før han i 2019 vart generalsekretær i Norsak faglitterær forfattar- og oversetterforening (NFFO). Han gav i 2011 ut Biografien om Moritz Rabinowitz og i 2014 kom sakprosaboka for ungdom: Øverst på nazistenes liste. Arne Vestbø har sidan 2025 vore dagleg leiar i Bergesenstiftelsen.
Vel møtt til eit gripande møte med historia under Radioholedagen på Kr. Himmelfartsdag.
Med helsing
Halsnøy Historiske Senter
Per Ove Kviteberg, styreleiar