Guddalstunet, 5 km frå Rosendal, tilbyr kunstgalleri, overnatting og servering i vakre omgjevnader. Opplev utstillingar av nasjonale og internasjonale kunstnarar, og overnatt i nyrestaurerte Vangshuset.
I det vakre Guddalstunet 5 km frå Rosendal sentrum er det kunstgalleri, overnatting og servering. Garden har ei rik historie og blei i 1993 tildelt Olavsrosa.
Gøril Guddal starta Galleri G Guddal i 1993, og i 2014 flytta ho galleriet inn i nyrestaurerte lokale i driftsbygninga på Guddalstunet. Gjennom åra har Galleri G Guddal stilt ut arbeidet til kjende nasjonale og internasjonale kunstnarar. I den seinare tid har det vore 6-7 utstillingar kvart år og Galleriet tilbyr eit variert program med spanande etablerte kunstnarar kombinert med nye uetablerte namn.
I galleriet er det eigen butikkavdeling med over 70 kunstnarar som faste leverandørar. Her kan du kjøpe bilete, skulpturar, glas, smykke, kunstbøker, tekstil osv.
Du kan overnatte i Vangshuset på den idylliske garden. Huset frå 1871 er nyrestaurert og har moderne komfort. Her er to dobbeltrom, og i det eine rommet er det plass til ekstra seng. Romma har felles bad. Frukost kan tingast.
På Guddalstunet er det kafé med servering av lunsj, kaffi og kaker. Kafeen er open i opningstida til galleriet.
Det er og eit nytt lokale på låven som høver for arrangement og grupper.