Velkomen til konsert med Torleif Thedéen og Marianna Shirinyan! Den svenske cellisten Torleif Thedéen er rekna som ein av Nordens fremste instrumentalistar, med ei lang og internasjonal karriere som solist og kammermusikar på dei største scenene i verda. Med kraftfullt spel og stor musikalitet har han begeistra publikum i over fire tiår. Saman med den dansk-armenske pianisten Marianna Shirinyan – ein av Europas mest etterspurde kammermusikarar, kjend for sitt virtuose og fargesterke pianospel – byr han på eit møte mellom to musikarar i verdsklasse. Programmet spenner frå Sjostakovitsj til Barber og Richard Strauss, og lovar ei konsertoppleving prega av intensitet, nyansar og musikalsk nærleik.
Booking
Velkommen til konsert med Torleif Thedéen og Marianna Shirinyan!
Den svenske cellisten Torleif Thedéen er rekna som ein av Nordens fremste instrumentalistar og har ei omfattande internasjonal karriere som solist, kammermusikar, plateartist og pedagog. Han har vunne fleire internasjonale cellokonkurransar, mellom anna Pablo Casals International Cello Competition. Thedéen er Visiting Professor ved Royal College of Music i London og professor ved Norges musikkhøgskole.
Gjennom meir enn førti år har han spela med leiande orkester og samarbeidd med dirigentar som Esa-Pekka Salonen, Paavo Järvi og Osmo Vänskä. Som kammermusikar har han opptredd på scener som Wigmore Hall og Carnegie Hall, og ved festivalar som Prague Spring og Verbier Festival.