Velkomen til konsert med Vamp! I over tre tiår har dei levert songar som går tett på det å vere menneske – om kjærleik og sorg, tru og tvil, havet og livet. Med sitt særprega uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk har Vamp festa seg som ein av dei fremste banda i norsk musikkliv. Med ei imponerande låtsamling, ei rekkje prisar og den kritikarroste utgivinga Tiå det tar, ligg alt til rette for ein konsert fylt med både nye høgdepunkt og kjende favorittar publikum kan syngje med på.
Booking
Velkommen til konsert med Vamp!
I tre tiår har dei levert. Hundrevis av songar om det å vere menneske. Om kjærleik og sorg, mytar og skrømt, ærlegdom og svik, døden og livet. Og havet.
Vamp høyrer til eliten i norsk musikkliv. Dei har utvikla eit særprega uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som har treft den norske folkesjela.