Velkomen til ope møte på Folgefonnsenteret! Statsforvaltaren i Vestland, ved Stein Byrkjeland, kjem for å halde foredrag og orientering om det marine verneområdet i Ytre Hardangerfjorden Ytre Hardangerfjorden er ei...
Velkomen til ope møte på Folgefonnsenteret!
Statsforvaltaren i Vestland, ved Stein Byrkjeland, kjem for å halde foredrag og orientering om det marine verneområdet i Ytre Hardangerfjorden
Ytre Hardangerfjorden er eit heilt spesielt område med rikt dyreliv, kaldtvasskorallar, sjeldne djupvassartar og ein unik morenerygg frå siste istid. No er området verna – kva betyr det eigentleg for naturen, næringane og dei som brukar fjorden?
På møtet får du:
Ei enkel og tydeleg innføring i verneføremålet
Informasjon om kva vernet inneber
Høve til å stille spørsmål
Arrangementet er gratis og ope for alle, men krev påmelding. Meld deg på til Sara på SMS tlf. 936 32 292.