Mikkel mikkeline tog
Barne- og familieferie i Hardanger

Skap minner for livet: Familieferie i Hardanger

Utforsk Hardanger på ferie med barna! Få gode tips til spanande og barnevennlege opplevingar som passar for heile familien.

rose

Skal du på norgesferie med barn? Med sin kontrastfylte natur og store utval av barnevennlege aktivitetar, er Hardanger det perfekte reisemålet for småbarnsforeldre som vil skapa gode ferieminner med familien.

Frå badeland og familieparkar til interaktive utstillingar og gardsbesøk – du kjem ikkje til å gå tom for kjekke, begeistrande og spanande ting å gjera i Hardanger.

Hels på Mikkel, Mikkeline og venene deira i Mikkelparken! Familieparken i Kinsarvik er perfekt for born mellom 1-10 år.

rose

Kom tett på og lær meir om den unike naturen vår på Norsk Natursenter - Hardanger og Folgefonnsenteret. Eller kanskje du vil vera med å mata fiskane på Hardanger Akvasenter eller i Gullfiskvatnet?

Det å kjenna vinden blåsa i håret på ein fartsfylt RIB-safari slår også sjeldan feil blant barna. Er de ekstra heldige, kan de sjå dyr som ørn, niser og spekkhoggarar! Eller kanskje du vil utforska fjorden i rolegare omgjevnader? Leig dykk ein kajakk og gli stille forbi den eine fjordperla etter den andre.

Apropos vind i håret. På isbreen Folgefonna kan ein stå på sommarski, og løypene passar for personar i alle aldrar. Du kan også utforska fleire tusen år gammal is på tur med Folgefonni Breførarlag. Utsikta frå restauranten i det splitter nye velkomstsenteret Fonna1199 er perfekt når du vil ha ein velfortent pause.

Hardanger Akvasenter utstilling
Norsk Natursenter Hardanger
Web bondhusvatnet VB06627
Kajakk på Hardangerfjorden
RIB til Hardanger Akvasenter
rose

Kva med å kombinera aktivitet og læring? På Olav H. Haugesenteret, Kraftmuseet, Kraftlaben og Hardanger Fartøyvernsenter kan barna ta del i fleire spanande og lærerike aktivitetar. Alt frå å laga sin eigen straum til å byggja eigne trebåtar.

Familiemoro i Hardangerbadet
rose

Er barna glad i å bada? Då vil me anbefala å sjekka ut dei mange flotte strendene i regionen. Er vêret dårleg, er Hardangerbadet perfekt for både barn og foreldre. Det ligg også vegg-i-vegg med flotte Hardangerfjord Hotel i Øystese. Elles finn du også eit spanande område med basseng, sklier og anna moro i Mikkelparken!

Ein kjem heller ikkje utanom alle dei flotte fotturane ein finn i Hardanger-regionen. Nokre er av det krevjande slaget, medan andre er perfekte for born i alle aldrar – også med barnevogn!

rose

Dette er berre nokre tips til ein familieferie i Hardanger. Sjå gjerne her under for andre spanande tilbod. Du kan også ta kontakt med dei ulike turistkontora i regionen. Dei har mange gode tips til kva du kan finna på med borna i Hardanger!

Velkomen til magiske Hardanger – eit eldorado for både store og små!