I Hardanger finn du den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Når du står på platået og svevar 700 meter over Ringedalsvatnet, er det lett å forstå kvifor turistar frå heile verda kjem for å oppleva Trolltunga.
I hundrevis av år har det kome turistar frå alle verdshjørner til Hardanger. Her i regionen kan ein velja mellom fleire store og kjende ikon, men Trolltunga siglar fram som blant dei største – om ikkje det aller største ikonet i Hardanger og Noreg. Her får nemleg turistane ei unik oppleving du ikkje får andre stader. Det å stå på tuppen av tunga, svevande 700 meter over Ringedalsvatnet medan du skimtar isbreen Folgefonna i bakgrunnen, er vanskeleg å skildra med ord. Det er blant dei tinga du rett og slett må oppleva sjølv. På denne sida finn du all informasjon du treng før turen til Trolltunga. Alt frå transport og pakkeliste til guida turar med og utan overnatting.
Har du planar om å gå utan guide? Les deg opp her før du legg ut på eit eventyr i den norske fjellheimen. Trolltunga er nemleg ein lang og krevjande tur, så ein må førebu seg godt!
Sjå alleTrolltunga har tre forskjellige parkeringsplassar.
P1 Tyssedal har 220 plassar og kostar 300 kroner for eitt døgn. Estimert gangtid frå P1 til Trolltunga er 15 timar tur/retur.
P2 Skjeggedal er hovudstartpunktet, har 180 plassar og kostar 500 kroner for eitt døgn. Her er estimert gangtid 8 – 12 timar tur/retur.
P3 Mågelitopp er ei privat parkering med plass til kun 30 bilar. Denne parkeringa kostar 600 kroner for eitt døgn, men bomavgift på 200 kroner kjem som tillegg. Denne parkeringsplassen må tingast på førehand! Estimert gangtid frå P3 er 7-10 timar tur/retur.
Det går skyttelbussar mellom Odda, P1 Tyssedal og P2 Skjeggedal. Frå P2 Skjeggedal går det skyttelbuss vidare til P3 Mågelitopp.
Sjå her for meir detaljert informasjon om parkering og transport.