Trolltunga Living

Trolltunga Living

Nyoppussa leilegheit like ved Skjeggedal og startpunktet for den ikoniske turen til Trolltunga. Bu komfortabelt hjå Trolltunga Living i Tyssedal.

Booking

Om

Trolltunga Living tilbyr komfortabel overnatting i Tyssedal - berre eit lite stykke unna Skjeggedal og ein kort biltur frå Odda. Herifrå har du tilgang til nokre av dei mest kjende attraksjonane i Hardanger-regionen.

Med tre soverom og to bad, har den moderne leilegheita til Trolltunga Living god plass til både familiar og grupper. Dei kan skilta med velutstyrt kjøken og hage med grill. Dei har også Smart-TV med Netflix, gratis parkering og WiFi, slik at du kan slappa av og nyta opphaldet etter lange dagar med utforsking av Hardanger-regionen.

Eit opphald frå Trolltunga Living er eit framifrå val for dei som ynskjer å utforska det vakre landskapet i Hardanger. Her er det nemleg kort veg til fleire av dei største og mest kjende attraksjonane i Hardanger-regionen. I tillegg til nevnte Trolltunga, er det lett å ta seg vidare til Dronningstien, Kraftmuseet og Lilletopp, Husedalen, sightseeing på Hardangerfjorden, Bondhusvatnet, og det berre for å nemna noko.

Velkomen til eit fint opphald hjå Trolltunga Living!

Sesong

Kart