Det er valentinslaurdag! Og kva er vel betre på ein slik dag enn å lesa kjærleiksdikt? Slett ingenting, seier poet Ruth Lillegraven og poesifestivalsjef Jorid Lekve Eide.
Booking
På midten av 70-talet fekk Olav H. Hauge eit spørsmål frå Den norske bokklubben om å redigera ein antologi med kjærleiksdikt. Hauge skriv om dette i dagboka og seier han tek heile spørsmålet som ein godskjemt. Han skriv vidare: Eg laga antologi av kjærleiksdikt! Jau, det skulde ta seg ut. Kjærleik! Visst har eg lese og høyrt um han, og har sjølv òg fleire gonger vore fengd med den feberen, men noko røynsla i dette djupe mysteriet har eg ikkje, og det bør vel ein [som] skal velja dikt til ei slik samling, ha. Om Lillegraven og Eide har nok røynsle i dette «djupe mysteriet» kalla kjærleik, får du kanskje svar på om du tek turen. Dei tek i alle fall med seg dikt som snakkar om kjærleik på ulike vis, frå ulike tider, skrivne av kvinner og av menn. Billett kr 150