Karneval med lesestund Børst støv av limen, ta med ein ven eller eit kosedyr, og bli med på ein fargerik og leseglad karnevalsfest på Haugesenteret! Haugesenteret søndag 15 februar klokka 13 - fri inngang
Formidlar Anja Haugland Svingen les frå Nattklubben av Mona Vetrhus – ei stemningsfull forteljing om Veslebjørn og besta, som ein kveld snik seg ut for å finna ut om det verkeleg finst ein stad der natta er full av ljos, lyd og liv. Boka leikar med kontrasten mellom det trygge og det ukjende og handlar om lengten etter fellesskap, musikk og glede. Lesestunda startar kl. 13.00 og passar godt for born frå om lag 3 år og oppover. Etter lesestunda blir det karneval med dans, verkstad og piñata. Her kan borna slå seg laus på golvet, vera kreative og laga eigne karnevalsdetaljar – eller berre leika og ha det moro saman. Velkomne, alle som ein! Fri inngang