Kølleseminar 8. - 10. mai 2026

Kølleseminar 8. - 10. mai 2026
Mai
08-10

Kunsten å gå, kunsten å sjå - Catharine Hermine Kølle Med utgangspunkt i eit kvitt hus på Holmen i Ulvik, vandra Catharine Hermine Kølle (1788-1859) med skissebok og notatbøker gjennom halve Norge og vidare ut i verda og inn i historia. Ho dokumenterte landskap og stader i over 250 akvarellar og tusen sider med reisedagbøker, eit materiale som i dag er ein unik kunstnarleg og kulturhistorisk skatt. Catharine var på alle vis ei banebrytande kvinne i samtida si, men kunsten og opplevingane blei i hennar levetid berre delte med naboar og venner i Ulvik. I seminaret «Kunsten å gå, kunsten å sjå» vil me dela og synleggjera livsverket til denne eventyrlege kvinna – kunstnaren, vandraren og forfattaren Catharine Hermine Kølle.

Kart