Denne sesongen vil Aurora of The Fjords dagleg gå i rute i Hardangerfjorden, frå Eidfjord og Ulvik til Odda. Du kan velja om du tar turen berre som sightseeing fjord cruise, eller om du vil leggja til ein eller fleire stopp med fruktgardbesøk og sidersmaking undervegs.
BookingSider frå Hardanger har eksplodert i popularitet dei siste åra. Stadig fleire har fått augo opp for det prisvinnande produktet, og no kan du kombinera det beste frå to verdenar med sidersafari i Sørfjorden. Komande sesong er det båten Aurora of The Fjords som tilbyr turar som inkluderer gardsbesøk, sidersmaking og båttur. The Fjords har dei siste 3 åra segla i Hardanger med "Vision of The Fjords" som er eit miljøvenleg fartøy med flott desig. The Fjords har eit nytt og miljøvenleg fartøy under bygging, spesielt designa for å gå i Hardanger. Det nye fartøyet vert ikkje klart til sesongen i år, difor vil Aurora of The Fjords gjere jobben denne sommaren.
Du kan velja å starta turen, som har daglege avgangar, frå Eidfjord og Ulvik inn til Odda. Du har også valet mellom å besøka éin eller fleire sidergardar. I dei pakkane som inkluderer fleire sidergardar, får ein servert lunsj beståande av lokale freistingar frå Hardanger.