Gleder i Eidfjord som gir minner for livet. Gode dagar, aktive dagar, late dagar, spennande dagar, natur, kultur og mangfald. Dette er noko av det vi lovar deg i Eidfjord.
Her får du ekte matopplevingar blanda med kultur og tradisjonar, og gjestfrie menneske. Du vel sjølv om du vil ha eit aktivt friluftsliv med naturopplevingar ved fjorden eller i fjellet, det verkelege fjellfolket sitt rike. Ved fjorden kan du nyte sol, varme og badeliv.
Eidfjord er unik. Freistande. Her er det berre 30 minuttar frå vakre, varme Hardangerfjorden til villmarka i 1250 meters høgde på Hardangervidda. Her kjem du tett på naturen, kulturen og menneska. Ekte, friskt, mangfaldig og gavmildt frå naturens side. Difor ser vi spor etter menneske 4000 år tilbake og difor har Eidfjord og Vøringsfossen vore eit av Norges mest attraktive reisemål i over 100 år. Det er lett å la seg begeistre av Eidfjord og Hardangervidda. Her finst mulegheiter for store og små.
Norsk Natursenter inviterer til 17. mai feiring i Hardangerviddahallen frå kl. 12 Kokken transjerer hjortefilet og forsyn deg med fløtegratinerte poteter, grønsaker og smakfull saus. Kr 395,- Velg uli...
Sidersleppet 2024 er laurdag 25.mai! Tradisjonen tru ynskjer gardane langs Frukt- og siderruta velkomne til vakre Ulvik i mai, det er bløming og årets sider er tappa og klar!
Turgleder på Nord-Europas største høgfjellsplatå. Opplev storslått natur og eit rikt dyre - og planteliv ved veg eller i villmark.
Mest populære "Insta spots" i Eidfjord
Kva med ei langhelg i Eidfjord? Her er forslag til fleire dagar med opplevingar for barnefamiliar.
Kva med ei langhelg i Eidfjord? Her er forslag til fleire dagar med opplevingar for den aktive og turglade.
Kva med ei langhelg i Eidfjord? Her er forslag til fleire dagar med opplevingar for den godt vaksne.
Båtturar til og frå Eidfjord. Det er mulig å kombinere desse med både besøk på sidergard og sightseeingturar til Vøringsfossen og Norsk Natursenter.