Stader i Hardanger

Velkommen til Eidfjord

Velkommen til Eidfjord og opplevingar du vil hugse. Anten du vil ha rolege, aktive eller spennande dagar - her finn du natur, kultur og eit rikt mangfald.

Sjå alle

Fleire opplevingar

Om oss

Spektakulær natur

Her får du ekte matopplevingar blanda med kultur og tradisjonar, og gjestfrie menneske. Du vel sjølv om du vil ha eit aktivt friluftsliv med naturopplevingar ved fjorden eller i fjellet, det verkelege fjellfolket sitt rike. Ved fjorden kan du nyte sol, varme og badeliv.

Eidfjord er unik. Freistande. Her er det berre 30 minuttar frå vakre, varme Hardangerfjorden til villmarka i 1250 meters høgde på Hardangervidda. Her kjem du tett på naturen, kulturen og menneska. Ekte, friskt, mangfaldig og gavmildt frå naturens side. Difor ser vi spor etter menneske 4000 år tilbake og difor har Eidfjord og Vøringsfossen vore eit av Norges mest attraktive reisemål i over 100 år. Det er lett å la seg begeistre av Eidfjord og Hardangervidda. Her finst mulegheiter for store og små.

Vøringsfossen moody av Heidi Kvamsdal 1
Sjå alle

Overnatting i Eidfjord

Komande hendingar

Apr.
24
Opning av Hardanger Badstovefestival
Arrangement

Opning av Hardanger Badstovefestival

Opning av Hardanger Badstovefestival, på Prestakaien i Ulvik fredag 24. april kl. 18. På fjorden ligg Hardanger Flytebadstu og byr på Torkjell med hallingdans og overraskingar. Dei dyktige damene i «Songria» syng ved Laugarstovo og karane i «Kor so helst» lovar nyskriven badstovesong, Opningsfesten er open for alle - store og små, badeentusiastar og landkrabbar. Festivalen inviterer bygdefolk og tilreisande til å feira våren i tri heile dagar med sosiale opplevingar, saunakultur, musikk, lokal mat og drykk. Bli med og ta del i eit inkluderande og entusiastisk fellesskap!

Apr.
24-26
Hardanger badstovefestival
Arrangement

Hardanger badstovefestival

Mellom Flammar og Fjord, Hardanger er heitare enn du trur! les meir på https://www.hardangerbadstovefestival.no/

Apr.
24-25
Fest med konsertar og basar - for landkrabbar og badeentusiastar
Arrangement

Fest med konsertar og basar - for landkrabbar og badeentusiastar

Laurdag Elvatun Kl 20 kr 300,- Fest med konsertar og basar - for landkrabbar og badeentusiastar Kl. 20 - 101 guitarras Basar med flotte premiar Kl 21 - Kor so helst Kl 22 - Undergrünnen Undergrünnen miksar 60-tals psykedelisk rock, afrobeat, new wave og pop, løfta av Pål Jackmans sviande eksistensielle tekstar. Bandet har vore Spellemann-nominert for begge dei tidlegare albuma og er kjende for livekonsertar som set både dansefoten og taket i sving. 101 Guitarras Rolf Tore Djønne og Lars Magnus Nordtveit – begge med sterk tilhøyrsle til Ulvik og glade heilårsbadarar, spelar saman med Vidar Seim frå Granvin og Roald Torkildsen busett i Bergen. Bandet skaper eksperimentell, improvisert musikk med ei uhøgtideleg og leiken stemning.

Sjå alle

Mat & Drikke

Handel

Finn inspirasjon til reisa

Nyttig informasjon

SUP av Emily Peiland 2