Velkomen til ein sommarkveld du ikkje vil gå glipp av! Laurdag 20. juni kl 20 fyllest Holmen kulturpark med liv, latter og levande tonar når Stròk inviterer til midtsommarskonsert ved bryggekanten i Ulvik! Stròk byr på ein energisk miks av folkrock som får det til å rykke i dansefoten – men pass på: plutseleg kan det snike seg inn både ein vals og ein masurka når stemninga ligg til rette. Her er det rom for både det kjende og det uventa!
BookingKontaktinformasjon
Om
Laurdag 20. juni fyllest Holmen kulturpark med liv, latter og levande tonar når Stròk inviterer til midtsommarskonsert ved bryggekanten i Ulvik!
Stròk byr på ein energisk miks av folkrock som får det til å rykke i dansefoten – men pass på: plutseleg kan det snike seg inn både ein vals og ein masurka når stemninga ligg til rette. Her er det rom for både det kjende og det uventa!
Repertoaret spenner frå eigenkomponerte perler til låtar du garantert vil kjenna att – inspirert av artistar som The Pogues, The Waterboys, Flogging Molly og Dropkick Murphys.