Frå sider og eplemost til lammekjøt, spekepølser og syltetøy. Hardanger er ein region med rike tradisjonar når det kjem til mat og drikke.
Fine restaurantar i både inn- og utland viar store mengder tid og pengar til å henta alle dei gode råvarene ein finn i Hardanger. Heldigvis treng ein ikkje reisa langt for å ta del i store matopplevingar. Her i Hardanger er det nemleg lagt opp til at du skal få ta del i gjeve smakar og rettar på ein enkel måte.
I tillegg til makalaus natur, er regionen kanskje fyrst og fremst kjend for frukta og sider frå Hardanger. Men me kan også skilta med sterke tradisjonar knytt til lam, storfe og fisk.
Men sjølv om det er ein moglegheit, skal du sleppa å enten fiska, plukka eller laga maten din sjølv. I Hardanger finn du eit stort utval av aktørar som serverer rettar med lokale råvarer. Alt frå hotell- og gardsrestaurantar til kafear og salsbuer langs vegen. Fellesnemnaren er at dei tilfredsstiller smaksløkane til dei aller fleste. Og det beste med det heile? Alternativa er mange!
Ein kan heller ikkje unngå å nevna juvelar som «krotakaker», «mjølkekaker» og «potetkaker», som har vorte laga i utallege eldhus og bakstekjellarar rundtom i Hardanger gjennom generasjonar. Det same kan også seiast om fjella våre. For i tillegg til å finna enorme mengder bær – som til dømes blåbær, molter og tyttebær – har ein utallige fiskevatn som alle inneheld delikatesser av ulik art. Det same gjeld sjølve fjorden og alle elvene våre.
I hjarta av Hardangerfjord Hotel ligg restaurant Glime med fantastisk utsikt mot fjord, fonn og fjell. Med råvarer frå lokale produsentar i sesong får du ei autentisk smaksoppleving av kvalitet.
Restaurant Hardangerfjord tilbyr A la Carte, buffet og andre godbiter. Uteserveringen ligg idyllisk til ved fjordkanten og er åpen kvar dag heile sommeren.
Det historiske hotellet Utne Hotel frå 1722 har vore i kontinuerleg drift sida det. Hotellet har berre 17 rom, der alle har individuelt, historisk interiør med særpreg og sjarm. Hotellet er perfekt for deg som ser etter ...
Siderhuset Ola K er ein prisvinnande restaurant i Hardanger med fokus på lokale råvarer, Sider frå Hardanger og vin av høg kvalitet. Nydeleg plassering med fjord og fjell som bakteppe.
Syse Gard ligg langs frukt- og siderruta i Ulvik og er ein av dei tre besøksgardane. Syse Gard er ein tradisjonell vestnorsk gard med fruktdyrking og sauehald, og den er også eit Économusée.
Smak på autentisk tradisjonsmat laga med lokale råvarer i Eldhuset Gardsrestaurant på Spildegarden i Øystese. Dagleg servering og sidersmaking om sommaren.
Agatunet er eit freda klyngetun på Aga i Ullensvang ved Sørfjorden. Den eldste bygningen i tunet er Lagmannsstova frå 1220. Ved Agatunet kan du vera med på guida omvising og sjå kunst- og kulturhistoriske utstillingar. ...
Kunsthuset Kabuso byr på skiftande utstillingar, konsertar og arrangement heile året. Opplev magiske lys i Hardanger Skyspace, og besøk Ingebrigt Vik-museet. Nyt kafeen med heimelaga mat og fantastisk utsikt.
Hardanger Folkemuseum er ein del av Hardanger og Voss Museum og ligg på Utne. I hovudbygget kan du sjå utstillingar av hardangersaum, bunad og folkemusikk. I tillegg kan du også besøkja friluftsmuseum med historiske byg...
Restaurant Iris tar deg med på konseptet "Expedition Dining" - ei reise av ei smaksoppleving gjennom ein 18-retters smaksmeny. Restaurant Iris er lokalisert midt ute på Hardangerfjorden på verdas største flytande kunstin...
Opplev reiselivsikonet Fonna1199 på toppen av isbreen Folgefonna! Det nye velkomstsenteret, med si unike arkitektoniske utforming, ligg berre eit steinkast unna sjølve isbreen.
Med storslagen utsikt til Buarbreen ligg Buer restaurant idyllisk til i Buerdalen og byr på ei varm, ekte og uhøgtidleg atmosfære. Kokkar med erfaring frå Michelin-restaurantar lagar dei nydeligaste rettar basert på dags...