Opplev lokal, kortreist mat hjå Røldalterrassen medan du nyter panoramautsikt over Håradalen og Røldal i avslappande og trivelige omgjevnader. Velkommen!
BookingRøldal er meir enn berre mektig natur i fjellheimen. Med blant anna panoramautsikt over Håradalen og lokale delikatesser frå Hardanger-regionen, er Røldalterrassen ei flott oppleving anten du har lyst på god mat og drikke, skal arrangere kurs, konferanse eller selskap, har sansen for flott utsikt, ser etter overnatting eller berre ynskjer ein pause langs vegen.
Er du i Røldal, rådar me deg til å prøve restauranten. Kjent for kulinariske høgdepunkt og sin lette tilgjengelegheit heile året, vert du langt frå den fyrste som let seg imponera av Røldalterrassen. Kokkane brukar lokalproduserte råvarer frå Hardanger-regionen, varierer ingrediensane og menyen etter årstidene, og med leverandørar som mellom anna Homlagarden og Larsastova, veit du at det er kvalitet i det du får servert.